Om husrens/energirens

Hei og velkommen til heimesida mi: Huserenseren.

Eg heiter Nina Merethe Knutsen. Eg har alltid vore fasinert av det mystiske, alt ein ikkje kan ta og føle på. Som stjernetegn, (vart spesielt inspirert av boka: "Stjernetegn" av Linda Goodman) Kjøpte mine første tarot kort i 2001. Tok ulike kurs hos Morten Eriksen som Reiki 1, Reiki 2, kanaliseringskurs ol. Har jevnlig meditert. Det var igjennom erfaringar frå kanaliseringkursa eg vart fortruleg med det å møte det ein ikkje kan sjå, men berre føle og ane,  samtidig tru på det som kjem til meg. Igjennom lengre tid har eg jobba meg opp erfaring med å møte det ein ikkje ser, men berre aner.

Derfor tilbyr eg husrens og rensing av energi i heimen din. Dette for å skape ro, harmoni og fred der du bur.

Opplever du merkelege  hendingar som:     

- At du ikkje er velkommen i rommet.

-   Uforklarlege lyder, lukt eller bevegelse.                           

 -  Kjensle av ubehag, kulde eller tyngde i rommet.       

  -  Dårlig/urolig søvn                                                                                   

  -  Utmatta med lite enengi og vondt i hovudet.    

    - Dyr som er urolige.


 

Eg kan hjelpe til med å få harmoni, fred og ro der du bur.

Velkommen til å ta kontakt med meg i Bergen for mer informasjon.

HUSRENSEREN

Eg tilbyr  husrens og energirens for å skape ein harmonisk og balansert heim.

  • Energirens og balansering
  • Intuitiv veiledning og støtte

Kundeanbefalinger

Tusen takk for hjelpa.                 Eg har aldri fått slappa så godt av i mitt eige hus.

Silje

Husrens/ fred i heimen 

Hei. Eg er Nina Merethe Knutsen og er husrenseren. Tok min første husrens i 2015. Har fram til no kunn hjelpt til venner og familie. 
No vil eg gjerne nå ut til fleire.
  

Mine erfaringar med det uforklarlege.

Mitt første møte med det som ikkje lar seg forklare. 

7 år og livredd og ikkje trudd:

Sommeren 1972 var eg hos tanta mi. Eg sov på loftet ( lemen) saman med min 2 1/2 år gamle fetter. Eg våkna opp av steg i trappa. Opp og ned, opp og ned. Tenkte at det var tanta mi som skulle hente ting og tang, symaskin el. Dette pågjekk lenge. Redselen høgg i meg etter som tida gjekk. Eg tok mot til meg å gå å sjå kven som var i trappa. Då flytta stega seg til dei nederste stega i trappa. Livredd pilte eg opp i senga, tok dyna over hovudet. Stega kom då heilt opp i trappa, over gangen og inn på soverommet ved siden av, det rommet som alltid var låst. Så forsatte stega på rommet. Eg prøvde å vekke fetteren min for å høre om han hørte lydane, men fekk han ikkje våken. Kor lenge eg låg våken veit eg ikkje. Då eg dagen etter fortalte om hendinga, såg dei rart på meg. Då eg fortalte historien til mor mi, fekk eg samme reaksjon.      Tvilte aldri på kva eg hørte den natta. Kan enno huske redselen, den satte seg i kroppen.

Fotokonkuranse i frisørfaget





Korleis eg jobber med energiane.

Eg går inn i meditasjon, og ber om å få kontakt med det som er  i huset/ rommet. Når eg får kontakt og kan sjå/få inn kva energier som er der begynner eg å nøste opp. Gjennom djup respekt og forståelse for det som er der, får eg som regel opp ein historie. Då kan eg starte rensinga. 


 

Kontakt

Velkommen til Husrenseren. Eg spesialiserer meg på husrens og energirens for å skape et balansert og harmonisk miljø for deg og dine nærmeste.

Mobil: 930 08 401 (kunn på melding)

ninamknutsen@hotmail.com

@facebookside